|
Gjerde inn hytta?
Aktuelle gjerdetypar kan vera nettinggjerde av metall (sauenetting), bordgjerde, stakittgjerde eller skigard.
Gjerdet må vera minst ein meter høgt og ha ei utforming slik at sau og lam ikkje set seg fast, eller kan smette gjennom. Hugs at grinder skal slå utover.
Mattilsynet tolkar Lov om dyrevelferd slik at det ikkje er lov å bruke tråd eller plastnettinggjerde, verken med eller utan straum.
Straumgjerde er kun for landbruket og for å halde dyra på plass.
|
|
|
Totalforbod mot open eld!
Sjølv om det no har regna godt i helga er det fortsatt totalforbod mot open eld.
Forbodet omfattar bruk av open eld som kan antenne gras, skog og liknande.
I tillegg til gjeldande forbod mot bruk av open eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, er det innført forbod mot bruk av open eld i innmark.
Døme på open eld er bål, eingongsgrillar, bålpanner og anna som skapar gnister eller flammer.
Les meir
|
|
|
Konsertar i august!
3. august spelar Hellbillies på heimebane i Hallingdal Feriepark. Du bør halde av heile helga om du også vil ha med deg låvefest og CLC Covershow.
18. august Leikskeid i Iungsdalen med eitt av dei mest banebrytande og sentrale rockebanda i Skandinavia gjennom tidene, nemleg THE SAVAGE ROSE!!!
Stabbursfrieri 24. - 26. august! Konsertar, litteratur, film og foto, utstillingar.
Les meir
|
|