Åpne i nettleser
 
Foto: Ål Utvikling AS

Vær med å ta vare på dyra og naturen i Ål!

Ein slik sommar som me har i år er sjeldan vare her oppe i fjellet. Endelause veker med sol og varme set dei aller fleste av uss pris på, samtidig fører dette med seg ei stor fare for   lyng- og skogbrann.

Foto: Helge G. Stærk

Gjerde inn hytta?

Aktuelle gjerdetypar kan vera nettinggjerde av metall (sauenetting), bordgjerde, stakittgjerde eller skigard.
Gjerdet må vera minst ein meter høgt og ha ei utforming slik at sau og lam ikkje set seg fast, eller kan smette gjennom. Hugs at grinder skal slå utover.
 
Mattilsynet tolkar Lov om dyrevelferd slik at det ikkje er lov å bruke tråd eller plastnettinggjerde, verken med eller utan straum.
Straumgjerde er kun for landbruket og for å halde dyra på plass.
 

Foto: Inger Lervåg

Totalforbod mot open eld!

Sjølv om det no har regna godt i helga er det fortsatt totalforbod mot open eld.
Forbodet omfattar bruk av open eld som kan antenne gras, skog og liknande.
I tillegg til gjeldande forbod mot bruk av open eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, er det innført forbod mot bruk av open eld i innmark.

Døme på open eld er bål, eingongsgrillar, bålpanner og anna som skapar gnister eller flammer.
Les meir

Konsertar i august!

3. august spelar Hellbillies på heimebane i Hallingdal Feriepark. Du bør halde av heile helga om du også vil ha med deg låvefest og CLC Covershow.

18. august Leikskeid i Iungsdalen med eitt av dei mest banebrytande og sentrale rockebanda i Skandinavia gjennom tidene, nemleg THE SAVAGE ROSE!!!

Stabbursfrieri 24. - 26. august! Konsertar, litteratur, film og foto, utstillingar.
Les meir

 
følg oss
Nettside Facebook Instagram 
del
  facebook   Del
 
  Tweet   Tweet
 
  Tweet  
 
Endre dine opplysninger
Meld deg av e-postlisten
ÅL UTVIKLING AS, Postboks 35, 3571 ÅL
+47 32 08 10 60
 
MailMojo
Del nyhetsbrevet på Facebook
Tweet